Med (u)jamne mellomrom vil vi presentere små utval frå vår norske lyrikkskatt. Diktarar som har gått ut av tida, men som sette spor etter seg, og fortener gjensyn og/eller gjenhøyr. Vi innleier med ein (altfor) kort biografi, og gir deretter fyldigare smakebitar frå forfattargjerninga deira. Vonleg kan dette spore til ny interesse, både for den enkelte lyrikar spesielt, og for poesi generelt.
Den som imidlertid freistar finne ein raud tråd eller eit snev av indre logikk kva gjeld utvalet av poetane vi presenterer, vil leite til fånyttes. Her er det (stor sett) innfallsmetoden som er drivkrafta, og den er rimeleg random!
Arild Nyquist (1937–2004)
Få lyrikarar har opplevd ein trongare fødsel enn det Nyquist gjorde, då han i 1972 debuterte med diktsamlinga «Nå er det jul igjen og andre dikt». Særleg var VG ute med pisken – bokmeldinga «Fei vekk søppelet» var innleiinga på eit formidabelt studie i skitkasting frå landets største avis. Og omtalen smitta over på lesarane – vi kjenner jo alle media si evne til massiv manipulasjon – Nyquist mottok i årevis brukt toalettpapir i posten og vart jamleg sjikanert i offentleg samanheng.
Nyquist sitt forfattarskap var svært rikt og ditto allsidig (han debuterte i 1963 med romanen «Ringer i et sommervann»). Å plassere han i ein litterær «bås», er umogleg; det var knapt ein sjanger han ikkje var innom. Ein fellesnemnar er dog hans til tider elleville fantasi, hans evne til fabulering og frie innfall (les t.d. «Frakken tegner og forteller»!). Det vert elles sagt at barnebøkene hans med fordel også kan lesast av vaksne. Og omvendt.
Han var ofte djupt personleg og privat i tekstane sine. Diktsamlingane «Et dikt om livet og døden» og «Høst i august» er gode døme på dette, og desse samlingane vart også velvilleg mottekne blant kritikarane. Han skildra seg sjølv: «Jeg skriver bøker for å overleve. Livet er hardt, det er mye høst i meg, men jeg er ingen selvmordskandidat. Jeg er en svært melankolsk person.» 1
Nyquist gjorde etter kvart VG sine ord drusteleg til skamme. Han vart ein folkekjær forteljar og ettertrakta kåsør og foredragshaldar. Parallelt med forfattarskapet, var han aktiv både som musikar (han utgav 11 plater) og billedkunstnar (han heldt fleire utstillingar).
13 dagar før han gjekk ut av tida i desember 2004, tok han del på ei diktopplesning på Mono i Oslo. Jan Erik Vold var medarrangør og fortalde etterpå: «Arild fikk hele salen til å vri seg av latter. Det var en enorm opplesning, helt magisk. Og jeg vet at Arild var lykkelig den kvelden.» 2
Arild Nyquist vart nominert til Nordisk råds litteraturpris i 1994 for den sjølvbiografiske romanen «Ungdom».
Ensomhet
Ensomhet, sier du. Det
er greit med litt
ensomhet bare det ikke
blir for mye. Da åpner jeg døren
og roper ut i natten: kom inn
kom inn – her er ensomhet nok
for to! ja for fire! Og
på riktig ille dager brøler
jeg: her er ensomhet nok
for et helt orkester!
(«Kelner», 1979) 3
Hvor har jeg vært?
Magan rumler
Hue er fullt av bedritne humler
Føttene sjangler
Tenna skrangler
Jeg skjener nedover en krøllete vei
Hvem faen er jeg?
Hvor har jeg vært?
Hva har jeg sagt?
Var jeg en råtass som brukte makt?
Husker et tryne fullt av faen
Smelte jeg til’n, måtte jeg ta’n
Husker ei jente med heite armer
Var meg som fikla på hennes barmer
Husker en type som spelte bass
Var det han som hekta døra på dass
Hue rumler
Magan er full av bedritne humler
Føttene krangler
Og øya sjangler
Jeg skjener nedover en krøllete vei
Hvem faen er jeg?
Påsto jeg Carter var kødden på jorden?
Var’e en som slo meg i hue med stolen
Sa jeg at Bresjnev var en satans ape
Var det derfor jeg plutselig befant meg i skapet?
Jeg sjangler av sted
Veien er skakk
Jeg mangler sko
Og hakke noe frakk
Hvor herja festen?
Når var’e jeg stakk?
Magan rumler
Huet er fullt av bedritne humler
Føttene sjangler
Tenna skrangler
Jeg skjener nedover en krøllete vei
Hvem faen er jeg?
Nyquist framfører diktet sjølv:
Du spør
– veien til hjertet mitt?
Den går gjennom veien til hjertet ditt.
Likevel kan du stanse og gjenta:
Jeg kjenner ikke veien til hjertet ditt.
Jo, du kjenner veien til hjertet mitt
for jeg kjenner veien til hjertet ditt.
Den går gjennom veien til hjertet mitt.
(«Dikt i samling», 1999)
Fattern elska rødvin
Fattern elska Mozart
og muttern Rolling Stones
fattern elska plukkfisk
og muttern vannmelon
Fattern elska rødvin
og muttern akevitt
fattern elska system
og muttern rot og dritt
Ofte var det leven
og ofte var det bråk
og muttern sa til fattern
finn deg en annen kåk.
Ja, ofte var det leven
og ofte gikk det vilt
og fattern sa til muttern
i morra blir vi skilt.
Så dro de fra hverandre
en vakker dag i mai
de skiltes utpå trappa
og sa bay bay bay bay,
Men fattern elska muttern
og muttern fattern min
så de snudde neri porten
med hvert snåle grin.
Nå bor de hos hverandre
i samme jævla kåk
og fattern elsker rødgrøt
og det blir ofte bråk.
Ja, nå bor de hos hverandre
i samme jævla kåk
og muttern elsker Beatles
og ofte blir det bråk.
Men fattern elsker muttern
og muttern fattern min
så de rusler gjennom livet
med akevitt og vin.
(«Mr. Balubers trompet», 1984)
Et uskikkelig dikt
Hvem leker gjemsel?
Hvem springer
av gårde mellom blomstene
og vasene og det
høye vinglasset mitt?
Det er et
lite dikt som
springer og danser…
– nå spretter det min santen
ut av vinduet
og inn blant blomstene
og biene og de
sorte billene…
Stopp! skriker jeg. Stans,
elendige dikt!
Men det hører
ikke på meg,
springer bare videre
og legger linje
etter linje
etter linje
bak seg…
(«Feriehuset September», 1975)
Epleslang
Så er jeg blakk,
dessverre
men Kongen har det
verre
for nå er høsten godt i gang
og jeg kan gå på epleslang
og jeg kan stjæle flaskepærer
og alt hva dikter A. begjærer (av frukt!)
mens Kongen pent må sitte bak sin rute
og hvile baken mot en silkepute
– der ser han Arild snike seg på slang
for sikkert hundre og femtiende gang
blakk for penger, men
dessverre
Kongen har det enda
verre
for selv om han har gull i sine lommer
så kan han aldri fylle dem med stjærte
plommer!
Ugledikt III
Hallo, langt der inne i skogen?
Er du der, langt inne i skogen?
Gjemmer du deg, langt, langt der inne i skogen
og ikke vil komme ut?
Kom ut da vel, du som gjemmer deg langt,
langt inne i skogen og ikke vil komme ut.
Jeg vil så gjerne hilse på deg,
og bli kjent med deg,
og snakke med deg
– og så kan du hilse på meg,
og snakke med meg, og bli
kjent med meg du også.
Jeg synes det er dumt at
du gjemmer deg langt der inne i skogen,
og ikke kan se meg, og at jeg står her ute på veien
og ikke kan se deg
– for hvis vi ikke kan se hverandre
og snakke med hverandre,
tenker vi kanskje stygge tanker
om hverandre – du tror at jeg er en tyv,
og jeg tror du er en tyv, og du tror at jeg er
stor og stygg og sterk og vil slå deg,
og jeg tror at du er stor og stygg og sterk
og vil slå meg, og du tenker at jeg spytter på
deg, og jeg tenker at du spytter på meg –
og slik står vi langt fra hverandre og tenker,
dumme, stygge ting om hverandre.
Derfor roper jeg på deg nå,
jeg roper så høyt jeg bare kan:
Kom ut av skogen da!
Kom ut og hils på meg da!
… Vil du ikke sier du?
Tør du ikke sier du?
Vil du at jeg skal komme inn til deg i stedet?
Ja, da kommer jeg da.
Nå kommer jeg…
«Frå albumet «Eventyrhagen», 1979.
Nyquist resiterer sjølv:
Anna Sandnes (1903–1988)
Anna Marie Sandnes vart fødd på Eidså i Vanylven kommune (søre Sunnmøre) i 1903. Etter å ha hjulpe til på garden i yngre år, tok ho handelsskule og arbeidde m.a. på kafé på Nordfjordeid, seinare i Ålesund, der ho budde mesteparten av livet. Ho kom seint i gong med forfattarskapet sitt; debuten kom først som sekstiåring med barneboka «Basta Bom» i 1963.
Lyrikkdebuten fann stad i 1966, med den kritikarroste samlinga «Med levande lys». Halldis Moren Vesaas var ein av dei som hylla boka: «Ei gripande bok, og ei bok der det er uråd å skilja mellom liv og ord.» Ho gav i alt ut seks diktsamlingar, alle på Gyldendal Norsk Forlag, den siste («Sol om kvelden») i 1980.
Tematikken i hennar to første bøker krinsar rundt motiva undring, vemod og lengsel – som t.d. i diktet «I stormen», der også «Vanitasmotivet» 3) /«Memento Mori» 4) er godt synleg:
Såg du meg?
Såg du mi svarte kappe
flaksande i harde stormkast,
høyrde du mitt halvkvævde rop
mellom alle dei skrikande fuglar,
eg, – den usynlege
som ingen legg merke til
på min grå veg mot grava,
i stormen lever eg.
Eg er skarven og den stygge hegren,
gråmåsen med duvande venger
eg skrik med stromfuglane,
stormen bur i meg.
Du såg meg ikkje.
Bak stengde dører
lydde du etter andre tonar.
Du kjende meg aldri,
augo dine var framande
for mitt einslege hjarte
i lengtings stormar.
Lengselen etter den eine, den som kan forstå, den som er som likeeins, er også eit gjennomgongstema. Som i «Eg vil sjå» frå debutsamlinga:
Eg vil sjå solrenninga,
vaknande nytt liv,
stunda
då morgonroden helsar jorda.
Eg vil sjå
livet falde seg ut,
opne seg mot dagen
og ta imot dei første kjærteikn:
kyss som av tusen solvarme munnar.
Eg vil sjå
ditt opne nakne andlet
og augo dine,
du menneske som har gode augo
og er medvandrar.
I fleire dikt nyttar ho kontrastering som verkemiddel. Dikotomiane «ljos-mørke», «tapar-vinnar», «vond-god», «kulde-varme» og «stygg-vakker» er samanlikningar som går att i hennar første samlingar. Substantiv som ofte vert gjentekne, er skog, fugl, draum, tid, vind, kjelde – som i dette diktet, titteldiktet i «I einsemds skogar» (1967):
Djupt inne i einsemds skogar
kjem dei kvite fuglar
med bod til mitt hjarte.
Men livet har gått seg vilt
og finn ikkje vegen.
Alt går i ring
og er onnorleis
som eg sjølv er det.
Eg møter min eigen ungdom
som var det ein framand,
ein svikar eg ikkje kjenner,
stilt går eg forbi
utan ord eller tårer.
Mine følgjesveinar er hjå meg:
livs-angsten
og den store undring
over menneskja,
dei beiske nederlag,
den underlege draumen
som vart sann.
For det kjem ein morgon
etter mørkret
då ord opnar seg som blomar,
då solguden kjem
med si gylte harpe
og vekkjer til liv,
tonar ingen kan forstå
Då leitar eg etter ein veg,
men einsemds skogar er endelause.
Gudstrua er også synleg til stades i mange av dikta hennar. Her i «Den fattige», også henta frå «I einsemds skogar»:
Legg fram din raude løpar
du himmelens hovmeister,
la englane stemme sine harper:
Den fattige Lasarus er død.
I sanning: ein arming er død.
Ein tiggar var han
ved livsens bord.
Han vert ikkje sakna her,
ein annan har alt teke plassen
utanfor døra.
Lasarus tiggar ikkje meir.
Eit vesalt frø
ringeakta i verda
lever over,
blomer no i Abrahams fang.
Ein framand på jorda
er komen heim.
Himmelens heidersgjest vart han
vår ringe og fattige bror.
Likeeins i diktet «Dei sterke ord» frå samlinga «Andlet i vatn» (1970):
Vi blygjest
for dei sterke ord
om kjærleik
og om livsens draum.
Kva står dei for
i denne tid,
vår tid i all
sin glans og gru.
Kva kan dei gje
vår dag vår draum
i kvardags skrud?
Det sterkaste
av alle ord. Så mang ein gong
vi nemnde det i lyst og lått.
No kviskrar vi
ei mørk og svevnlaus natt,
det eine ordet:
Gud.
Tonen vart ljosare og lettare i hennar seinare samlingar. Frå same samling som førre diktet, saksar vi følgjande:
Seremoniar
Ei skål
for barnet i dåpskjolen.
Ei skål
for den unge konfirmanten,
han leve.
Skål for lærarar for hjelparar
og trøstarar
for prestar og levittar
for politimeister og dommar.
Skål for dei kvite bruder
for alle fotografsmilande
brudepar, for lystige
bryllupsgjester, fedre og mødre.
Alle er ei skål verd.
Så er ringen slutta.
Vi kan byrje påny
og helse ei ny slekt.
Skål!
Naivisme
Eg har aldri helsa på
pavar eller kardinalar,
heller ikkje på kongar
presidentar eller generalar,
dei kjenner meg ikkje
eg kjenner ikkje dei,
vi er ikkje på talefot.
Det er onnorleis med Vårherre.
Eg kan få han i tale
nårsomhelst og kvar eg er,
eg spør og får svar.
Og det er alt som trengst
for den som er barnslig
og lyder på ein
som er visare
enn dei visaste på jorda.
Større ære blir
ingen til del.
(«Ved fjøre sjø», 1973)
Politikk og samfunnsaktuelle spørsmål finn ein så å seie aldri i forfattarskapet hennar. Eit «imperativistisk» unntak – som også i høg grad er aktuelt i vår tid – er «Folket i rop», henta frå samlinga «Ved fjøre sjø»:
Folket sto samla
og ropa sitt dødsrop:
Krossfest, krossfest.
Dei fekk det som dei ville.
Folkemassene ropa
sitt hyllingsrop:
Heil, heil.
Vi veit kva som hende.
For folket tenkjer ikkje,
dei berre ropar.
I si siste samling – «Sol om kvelden» (1980), er Gudstrua framtredande.
Berre i stilla
Berre i stilla
talar Gud til oss.
Ikkje med storm og bulder
ikkje med høgmælt roping
men ved si ånd.
Til dei minste små
til dei store og vise
til alle som lyder.
Guds rike er i oss.
Vi avsluttar denne vesle lyrikkantologien med eitt av dei siste dikta ho skreiv – det sjølvbiografiske «Sjølvmelding» – i vår tid meir aktuelt enn nokonsinne:
Har eg så fått med alt
kronene, nullane, alt.
Det var enkelt og lett
men nok for meg å finne ut av.
Eg er ikkje sterk i hovudet,
men eg lever iallfall
og betalar gjerne for det.
Eg har mykje å takke for
det må eg ta med
eg er nøgd med tilværet
det er eit pluss
om ikkje akkurat inntekt,
eg er einsleg
har ingen å slåss med
det er eit gode,
eg har ingen barn eg kan anklage
for alt dei påførde meg i livet,
det får eg vere glad for.
Eg lever i eit fritt land.
Så har eg vel fått med alt.
Nokre kroner i banken til avferda.
Det er svært viktig for eit menneske.
Ei fin avferd.
får ein unne seg.
(«Sol om kvelden», 1980)
Anna Sandnes mottok Sunnmørsprisen i 1967 (saman med Anna Skeide) og ho vart heidra med Ålesund kommune sin kunstnarpris i 1980.
1-2 https://www.bokkilden.no/lyrikk/samlede-dikt-arild-nyquist/produkt.do?produktId=1594373
3 Samtlege dikt er utgjevne av Aschehoug forlag.
4 https://no.wikipedia.org/wiki/Vanitas
5 https://no.wikipedia.org/wiki/Memento_mori
Kjelder og kuriosa:
https://snl.no/Arild_Nyquist
Arild Nyquist i samtale med Egil Eikvil, Nrk 1995:
https://tv.nrk.no/serie/ukens-lyriker/1995/FALE27000695/avspiller
Anna Sandnes sine bøker på Nasjonalbiblioteket:
https://www.nb.no/search?q=anna%20sandnes&mediatype=b%C3%B8ker&sort=dateasc&name=%22Sandnes,%20Anna%22
Har du innspel til vår kulturspalte? Kanskje har du ein (norsk) yndlingsdiktar – eller eit yndlingsdikt – du gjerne vil presentere? Skriv til kultur@document.no. Vi garanterer tilbakemeldingar på alt stoff vi mottek – og alle som ynskjer det, kan sjølvsagt skrive under pseudonym.