Foto: Facebook
Andreas E. Masvie skreiv laurdag, 22. februar ein omtale på minervanett.no av Fosli si bok «Mot nasjonalt sammenbrudd». Til overskrift har Masvie sett «Innvandringsmonomaniet», som berre er ein negativ karakteristikk. Deretter påstår han at Fosli med boka si skadar si eiga sak. Spørsmålet er om meldaren faktisk har lese heile boka, forstått kva Fosli skriv og referert innhaldet rett. Svaret på det siste er etter mi meining openbert nei.
I dei første fire avsnitta av bokmeldinga nemner Masvie dei viktigaste grunnane for at også han meiner vi må endre innvandringspolitikken, men avsluttar slik: «Det finnes en bedre politikk, som også er mer human mot innvandrerne.» Utan å seie kva som er inhumant med dagens politikk eller kva hans alternativ går ut på, blir dette rein svada.
Deretter gjentek han påstanden om at Fosli ikkje greier å skape forståing for si rettmessige bekymring og gjev to grunnar for dette. For det første at «boken (er) ustrukturert, ja, som et sammensurium av statistikk, anekdoter og anonyme intervjuer», og for det andre at «monomaniens manglende nyanser fører til at argumentene oppleves mindre troverdige enn de ellers ville ha gjort». Problemet for Masvie er at dette berre er synsing, dvs påstandar utan belegg.
Kva «anekdotar» er det han sikter til? Er det ikkje viktig å få høyre kva erfaringar tilsette i NAV og den kommunale flyktningtenesta har gjort i arbeidet sitt, når sjølv arbeidsintegreringa sviktar og mange ikkje-vestlege innvandrarar endar på sosial stønad og trygd? Og kan ein vente at dei vil uttale seg om dette anna enn anonymt, når dei i utgangspunktet har teieplikt? Kan ein eigentleg seie noko seriøst om samfunnsforhold utan å vise nettopp til statistikk? Ser ein ikkje ei sak betre når ho blir belyst frå ulike synsvinklar? Og kva er gale med den type assimilering som Fosli snakkar om? Viss det er nokon som raljerer og er useriøs, så er det tvert om Masvie sjølv!
På eitt punkt kan det likevel sjå ut som Masvie har eit poeng, men det får han berre fram ved å ty til sitatfusk: «På hvilken måte kan denne perioden (2060-2000) i norsk historie – preget av både sexrevolusjon og jappetid – beskrives som utpreget konservativ? Og hvorfor er akkurat denne perioden i norsk historie høydepunktet til den norske høykulturen?» Det som Fosli derimot omtalar som konservativt, er «idealet om et nasjonalt og solidarisk fellesskap mellom de levende, de døde og de ennå ikke fødte». Fosli er ingen nostalgikar som trur alt var betre «under krigen» eller då varemangelen var prekær i første åra etterpå. Folketrygda, som no står på spel, kom først i 1967. Vi som vaks opp i nøysemd etter krigen, dyrkar ikkje fattigdom som ideal. Av heile førti sider om kulturendringar som følgje av innvandring, vel Masvie å bruke ein stor del av artikkelen sin til å harselere over nokre få linjer om nordmenns fritidsaktivitetar og interesse for vintersport, fordi Fosli nemnde det blant våre kulturelle «ritual». Det er useriøs kritikk.
Masvie skriv at «om noe, er norsk kultur kristen» og gjev seg så til å sitere kva som står i Mosebøkene (!) om korleis vi bør ta i mot «innflyttarar», for straks å seie at det berre er sinnelaget som kan overførast til situasjonen i dag. Men er det noko som har gjennomsyra norsk innvandringsdebatt og -politikk, så er det nettopp sinnelagsetikk og ikkje realitetsorientert konsekvensetikk. Og då tenkjer eg ikkje berre på konsekvensane her til lands, men på dei mange som døyr på reisa og dei endå fattigare som blir att. Fosli, som har lese og refererer Colliers bok «Exodus», veit også kva som reelt er til gagn for folk i fattigare land. Masvie insinuerer tvert om at boka, og dermed Fosli, ikkje har blikk for innvandrarane sin situasjon.
Masvie startar med å seie at han deler bekymringane til Fosli, men i staden for å ta hovudpoenga hans på alvor, plukkar han fram kuriositetar, som han gjer narr av, t.d. forslaget om at innvandrarar kunne gje barna sine norske namn for å minske kulturkløfta, til liks med nordmenn som amerikaniserte namna sine då dei kom til USA. Mi eiga grandtante, som emigrerte i 1899, kalla t.d. døtrene Viola og Evelyn, sjølv om ho gifte seg med ein norsk mann. Men kulturskilnaden var sjølvsagt langt mindre i utgangspunktet. Masvie tyr sjølv til ein endå meir sviktande parallell: «Men hvorfor er ikke (kvinner i) de kristne forsamlingene som jeg kjenner, som dekker til sitt hår under gudstjenesten, en trussel mot Foslis norske kultur?» Eg vil tru eg kjenner kristne forsamlingar likså godt som Masvie, men siste generasjonen har eg knapt høyrt om kristne som ber hovudplagg av religiøse grunnar.
Heller ikkje «jødetesten» består Masvie. Europearar har vel aldri bedt jødane slutte å bruke jødiske namn. Svært mange «europeiske» namn har tvert om jødisk opphav: Mitt eige er ein variant av Peter; Masvie sjølv har same fornamn som Peters bror, Andreas. Jakob er årets mest populære namn på nyfødde gutar, og to bla’ Johannes sikra Noreg sølv i stafetten under skiskyttar-VM. Samanlikninga mellom den jødiske minoriteten i Europa før krigen og dagens muslimar, er svært uhistorisk, slik eg sjølv har vist her.
Sluttsatsen til Masvie talar for seg: «Boken har en autoritær klang, endog en krigersk klang – den er et krigsnarrativ, lukket og upåvirkelig. Og dermed overbevises ingen andre enn de som allerede er overbevist.» Mitt inntrykk er i så fall at han og hans likesinna vil ha sine illusjonar i fred, både om seg sjølve og om kva veg masseinnvandringa ber. For kvar vart det av hans alternative og meir humane innvandringspolitikk, som til overmål skal rå bot med dei problema også han ser tårnar seg opp?