Alt før asylflaumen i fjor hadde 60% av barna i Frankfurt, Köln og München innvandrarbakgrunn, og det same var tilfellet for 50% av alle barna i delstatane Hessen og Baden-Württemberg. Éin konsekvens av dette vart understreka: Medan leiaren i Die Grünen, Cem Özdemis, vaks opp i eit stort sett tysk lokalmiljø, vil barn med hans bakgrunn i framtida knapt få tyske leikekameratar. Korleis vil det då gå med integreringa? Trua på at ikkje berre eit land, men eit halvt kontinent kan endevendast demografisk og kulturelt utan konflikt og kaos, er endå meir naiv enn tidlegare sverming for det klasselause samfunnet.