Onsdag den 5. august fekk eg ei merksnodig oppringing. Normalt tek eg ikkje telefonen når det (ein sjeldan gong) er eit ukjent tysk nummer, men eg gjorde eit unntak, og det synte seg å vere ein representant frå tollvesenet.

Eg har (som så ofte!) tinga to bøker frå Fantagraphics (USA) – denne gongen bok nr. 30 i Carl Barks sine samla verk, pluss ei samling med Paul Murry-historier. Min «Mikke Mus»-favoritt frå seksti- og tidleg syttital!

Først fekk eg ein mail tysdag frå same etat, dei ville sjå faktura/kvittering for å bli informert om summen (må betale toll også for portoen – ganske vanvittig – slik har det vore heile tida, for øvrig).

Jau, eg fann den og sende det som png-fil.

Men onsdag vart dei meir inkvisitoriske. Den statlege representanten ville vite kven forfattarane var!

Jau, eg sa, som sant var, at dette var reproduksjonar/opptrykk av klassiske teikneseriar frå Disneykonsernet, og at meisteren Carl Barks – den fremste eventyrforteljaren i det 20. århundre! – stod bak den eine. Eg trudde naturlegvis at ALLE veit kven CB er! Men nei, eg måtte bokstavere. Det måtte eg også med Paul Murry (litt meir forståeleg).

Så spurde eg kva dette var, om det er nye reglar.

Jau, dette har blitt innført nyleg og gjeld alle bøker som kjem frå land som ikkje er EU-medlemmar.

Kvifor det då? fylgde eg opp.

Jau, det kunne vere «ulovleg» litteratur! Kva i himmelens namn er så ulovleg litteratur i våre dagar?

Eg har i etterkant leita med ljos og lykte, utan å finne bøker som faktisk er forbodne i Tyskland. Sjølv ikkje «Mein Kampf» er forboden (Hitler-helsinga med strak arm, offentleg bruk av svastikaen og «Heil Hitler» er ikkje desto mindre straffbare handlingar).

Sidan Fristaten/Bundesland Bayern hadde opphavsrettane til Hitler si bok, hindra dei dog at boka vart trykt opp på nytt. Men då rettane etter 70 år vart frigjevne, publiserte Institut für Zeitgeschichte München-Berlin ei utgåve fullstappa med kritiske og rettleiande kommentarar.

I 1941 utgav J.M. Stenersens forlag den første fullstendige norske oversetjinga av «Min Kamp» i to bind. I 2019 vart manifestet (med kommentarar) på nytt utgjeve av Forlaget Historie & Kultur.

Regelverket er (nesten) krystallklart:
«I Tyskland eksisterer det ingen generell førehandssensur eller ei liste over «forbodne bøker», ettersom ytrings- og pressefridomen er verna i grunnlova. Bøker kan likevel verte konfiskerte dersom dei bryt med straffelover gjeldande «oppfordring til hat», «grunnlovsstridig propaganda» (§ 86, § 86a, § 130 StGB) eller om dei bryt mot regelverket i ungdomsvernlovene.

Og så: «Tollvesenet eller politiet konfiskerer slike skrifter ved import eller distribusjon».

Dette må då ha vore bakgrunnen for at den tolltilsette fann det opportunt å kontakte meg.

Statistikken fortel at antalet postpakkar som kjem til Tyskland frå utlandet kvart år, ligg mellom 4,4 og 4,5 milliardar. Det framgår ikkje kor mange av desse som kjem frå land utanom EU – ei heller kor stor andel som inneheld bøker. Men om lag 400 millionar sendingar per år kan vel vere eit forsiktig estimat?

Slike tal genererer mange telefonsamtalar …

Om eg då ikkje figurerer i overvakingspolitiet sine register og såleis vert fylgd med argusauge og falkeblikk? Eg er jo høgreekstrem, må vite.

Femti filmar er imidlertid permanent forbodne i Tyskland.

Det vert spanande å sjå kva slags sum eg må ut med når dei to bøkene kjem på døra.

Og i etterpåklokskapens namn: Det var kanskje ikkje så underleg at «det tyske tollvesenet» interesserte seg for Carl Barks.
Sjå berre.

 


Kjøp bøker fra Document Forlag her!


Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.