Medan Berlin-terroren laurdag ikkje lenger er å finne spor av i fleire norske nettaviser, men har blitt erstatta av meir vektige og interessante artiklar som «Leter etter fortvilte katter som ikkje skjønner noe» (NRK), «Gladnyhet: Jakob Ingebrigtsen stiller i EM» (VG) og «Vanligste elbil-feil: Kan koste 30.000» (Nettavisen), er temaet framleis høgaktuelt i Berlin-avisene.
Anført av landets største tabloidavis, Bild, som uvanleg snøgt offentleggjorde både gjerningsmannen sin identitet, islamistiske bakgrunn og ditto ståstad, fylgde både Berliner Zeitung og Berliner Morgenpost kjapt opp med tilsvarande informasjon. Dei store tv-mediehusa, med ZDF og ARD i spissen (Tyskland sine svar på NRK), var derimot langt meir måtehaldne og gjekk på sedvanleg vis i saker som framstiller islam i eit negativt ljos, ut med retorisk tåkepreik, ryggmargrefleks-replikkar og klassiske generaliseringar. Og kva motivet bak handlinga kunne vere, var ifølgje politiet si første pressekonferanse eit heilt ope spørsmål: «Wir haben weiterhin noch keinerlei Hinweise auf seine konkreten Motivationshintergründe oder auch den genauen Ablauf oder seinen Tatbeitrag als solchen», sagte Polizeisprecher Florian Nath. Dei hadde altså «framleis ingen informasjon overhodet om terroristen sin motivasjon» …
Men då terroristen etter nokre timar vart endeleg identifisert, kom også tyske politikarar på bana. Alle gav uttrykk for sjokk og vantru – og på eit relativt tidleg tidspunkt vart også kritikk heva direkte mot det islamistiske miljøet i Berlin (spesielt) og i Tyskland (generelt). Relativt uvant kost.
Kanslaren til Berlin
Bundeskanslar Friedrich Merz kom til Berlin søndag ettermiddag (saman med tre ministrar), og deltok m.a. i ei minnemesse i Berliner Marienkirche. Han var som venta langt meir generell i ordbruken og nemnde ikkje islam eller islamisme i det heile:
«Åtaket i går har rysta oss», sa Merz mot slutten av minnestunda i Berlin si Mariakyrkje. Synlig gripen uttrykte Merz si medkjensle og takka nødetatene. «Men eg vil også gjerne rette eit veldig personleg ord til det skeive miljøet: Mine damer og herrar, det er ikkje berre åtak som dette som truar fridomen vår. Intoleranse, ekskludering, diskriminering, ondsinna kommentarar og dårlege vitser er alle ein del av slik vald. Ikkje berre det vi opplevde i går kveld.»
Slik tåketale (slett ikkje berre frå Merz, men frå heile den tyske venstresida) har provosert mange, ikkje minst to av grunnleggjarane av tidsskriftet «Queer Nations»:
«Eit dødeleg åtak mot Berlin Pride har rysta det skeive miljøet – og bragt fram i ljoset ein debatt som har blitt undertrykt altfor lenge: Islamisme truar ikkje berre jødisk liv, friheitselskande muslimar og demokratiske institusjonar, men også friheita og sikkerheita til LHBTQ+-personar. Dei som tier om denne faren av frykt for å bli falskt anklaga, sviktar dei som vert råka.»
Og dei avslutta artikkelen sin slik:
«I denne forstand er det å vone at alle sentrale politiske representantar i Tyskland endeleg vil forstå faren islamismen utgjer for skeivt liv, og at effektive verningstiltak vil verte iverksette. Dei vanlege klisjeane frå politikarar som uttrykkjer bekymring er rett og slett uuthaldelege.»
Fleire kritiske spørsmål i dag
I dag har fleire tema blitt debattert – og ransakande spørsmål blitt stilte – diverre i etterpåklokskapen sitt namn. Bild stiller det viktigaste og vektigaste: Korleis var det mogleg at terroristen – som vart idømt 22 månadars fengselsstraff i mai i år – ganske enkelt vart satt på frifot etter rettssaka? På trass av at det han vart dømt for, nettopp var førebuing til utføring av eit terroråtak – nøyaktig som det han faktisk utførte to månadar seinare?
Berliner Morgenpost har eit anna: Korleis fekk Abdul Ballout tak i det dødelege våpenet – ein leigebil i prisklassa 40 tusen euro?
Frå islamske foreningar/muslimsk hald er førebels få døme på reaksjon – av noko slag – observert.
Etter Anis Amri sitt terroråtak i Berlin i desember -16, dukka artiklar som denne rimeleg fort opp: «Muslimar førebur seg til neste runde med skuldstempling».
Og ein av dei mest kjende salafistane i Tyskland, Pierre Vogel, inntok umiddelbart denne offerrolla:
„Salafist Pierre Vogel eiskalt nach CSD-Terror: „Müssen sich nicht wundern, dass es dann knallt“ Er ist das bekannteste Gesicht des Islamismus in Deutschland: Pierre Vogel äußerte sich am Sonntag nach dem CSD-Terror. Er sieht sich als Opfer.
Salafisten Pierre Vogel reagerer iskaldt på CSD-terror: «Dei burde ikkje verte overraska over at ting så eksploderer» Han er det mest kjende ansiktet til islamismen i Tyskland: Han ser på seg sjølv som eit offer.
Kva hender så vidare?
Men kva hender vidare, medan vi (tilsynelatande evig fånyttes) ventar på at den «siste dråpen» endeleg skal få islam-barbari-staupet til å renne over?
I Berlin åleine reknar «Verfassungsschutz» (den tyske etterretninga) med at det oppheld seg minst 900 valdsorienterte islamistar. Når ein veit at det krevjest 25-30 personar for å følgje EIN terrorist døgnet rundt, seier det seg sjølv at kapasiteten for lengst er sprengt. Noko laurdagens brutale åtak gav fatalt prov på.
Knut A. Brandal er Documents Tysklands-korrespondent.

