Foto: Jon Olav Nesvold / NTB.

Norge fører ein urett­ferdig og hard økonomisk politikk mot fattige og folk med låge inntekter. Det fins eit enkelt bote­middel: Kraftig heving av grensa for kva du kan tene skatte­fritt. Inntekts­tapet for staten er det ingen grunn til å vere bekymra over. Norsk offentleg penge­bruk er prega av mykje sløsing, og mange milliardar kan kuttast.

Norge er ein grunnrik stat med politikarar som fører ein urettferdig og hard økonomisk politikk mot fattige og folk med låge inntekter. Fattig som velståande må du betale dei same skattene og avgiftene på alt av nødvendige varer, tenester og energi. Dette er ei form for flat, inntektsuavhengig skattlegging som dei fleste politikarane vil hevde vi ikkje har eller skal ha – fordi det er usosialt.

Fakta talar her, som ofte elles, mot politikarprat. Det finn ein ved å sjå på skatteprosenten som både fattig og rik betaler av prisen på varer og tenester som ingen kan greie seg utan:

  • Mat: 13,3 %
  • Klede og sko: 20 %
  • Elektrisk kraft: 25–30 % (lovpålagte elsertifikat gjer at satsen er over 20 %)
  • Linjeleige: 43 % i tida 06–22 og 52 % i tida 22–06
  • Telefon og telefonbruk: 20 %
  • Bensin og diesel: ca. 60 %
  • Kjøp av arbeid: Elektrikar, snikkar, røyrleggar og mange andre: 20 %

I tillegg til denne skattlegginga må fattige som velståande i 2024 betale kr 3165 i eigendel for helsetenester.

Det fins eit enkelt, ubyråkratisk botemiddel som politikarane må utfordrast til å bruke for å lette børa for alle som slit: Kraftig heving av grensa for kva du kan tene skattefritt. I dag er den kr 70.000 pr. år. Den må hevast til minimum kr 360.000 pr. person (kr 30.000 pr. md.).

Dette er eit treffsikkert tiltak for å hjelpe alle i arbeid med dårleg råd. Det vil også gagne alle som bur åleine, og det vil gje kjærkomen avlasting for NAV, som slit med kapasiteten.

Inntektstapet for staten er det ingen grunn til å vere bekymra over.

Vi har ein overdimensjonert offentleg sektor (sjå til nabolanda våre i Norden) som må slankast. Les du statsbudsjettet, finn du mange postar der pengane går til formål staten skulle halde seg unna og mange postar der pengane ikkje gjev resultata dei skulle. Dette står det mykje om i Riksrevisjonen sine rapportar.

Også OECD ser med stor otte på norsk offentleg pengebruk, som dei ser er prega av mykje sløsing, unødig dyre byggeprosjekt, høgt skattenivå og generelt ein galopperande pengebruk. Dei verste døma på sløsing er å finne på Sløseriombudsmannen sine sider. Det kan også lagast ei lang liste over milliardsummane som blir ofra i den trua at mennesket sin aktivitet endrar klimaet.

NRK-budsjettet kan med fordel kuttast med mange milliardar. I 2024 får dei 7,2 milliardar kroner over statsbudsjettet. For desse pengane driv dei med mangt som det er galt å bruke skattepengar på (ei lang liste over program og kanalar i denne kategorien lagar du lett sjølv). Slik øydelegg staten ein marknad for private som truleg har interesse av å kjøpe og vidareføre det dei finn økonomisk levedyktig.

Politikarane på Stortinget må utfordrast til nøktern bruk av staten sine inntekter. Dei må minnast på at jobben deira er primært å skape gode, føreseielege rammer for innbyggarane sine frie liv. Greier dei folkevalde ikkje å ha dette som første prioritet, må vi finne parti med politikarar som er i stand til det.

Partia sine programkomitear er no i fullt arbeid med å skrive programforslag til stortingsvalet den 8. september 2025. Difor har vi tida frå i dag fram til landsmøta å gje innspel til partia vi trur på vil føre ein politikk som tener vanlege folk. Så lat oss sette oss i sving med å utfordre partia med konkrete politiske saker.

 

Årets julegave – «Veien fra ateismen til det totalitære» av Olavus Norvegicus.

 

Usensurerte nyheter. Abonner på frie og uavhengige Document.

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.