Frå eit klasserom ved ein grunnskule i Neumarkt in der Oberpfalz. Foto: DALIBRI / cc by-sa 3.0 / Wikimedia Commons.

Nesten annan­kvar tredje­klassing i Berlin kan knapt lese, skrive eller rekne. Dette syner evalueringa av ei lands­omfattande «saman­liknings­oppgåve» som vert utført kvart år i tredje- og åttande­klasser over heile Tyskland. Det kan knapt verte verre.

Utdannings­redaktør Nicole Dolif i Berliner Morgen­post har lese rapporten, og trenden er utvilsamt skummel. På områda lesing og lytting (evne til forstå muntleg tysk) nådde nesten 43 prosent av Berlin sine tredje­klassing­ar ikkje ein gong minimums­standard­ane, og i faget matematikk er talet så høgt som 46 prosent.

Dette tyder at kunnskaps­nivå­et til Berlin-elevane har falle nok eit hakk i forhold til dei oppsikts­vekkjande dårlege resultata frå 2023.

Og situasjonen er ikkje betre i åttande klasse. Problema er ikkje uventa størst i dei såkalla «integrerte» ungdoms­skular og samfunns­skular («brenn­punkt­skular»). Berre i dei vidare­gåande skulane finn ein ei lita lysning.

Kva seier så den ansvarlege utdannings­senator­en om dette? Katharina Günther-Wünsch (CDU) skildrar resultata som «bekymrande»: «Det syner imidlertid i endå høgre grad at vegen og vala vi har tatt dei siste tolv månadane er den rette. Vi må no «implementere vår kvalitets­strategi» for å kunne oppnå vidare framgang. Ta tak i utfordringane og dermed skape ein snuoperasjon.»

Kva slags veg og val Günther-Wünsch her siktar til, framgår imidlertid ikkje.

Dramatisk utvikling

Går ein berre sju år tilbake i tid, til 2017, var resultata begredelege nok, men likevel langt betre enn årets. Då gjekk det fram at ein femdel av elevane (i Berlin) ikkje oppfylte minimums­standard­ane i lesing, at ein tredel ikkje meistra staving og at ein av fire ikkje takla krava i matematikk. Og i motsetnad til resultata frå årets test, der heile 43% ikkje evna å forstå tysk muntleg, var prosent­andel­en den gongen 17.

Berliner MorgenpostBerliner Zeitung

 

Kjøp Susanne Wiesingers bok «Kulturkamp i klasserommet»!  Du kan også kjøpe den som ebok.

 

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.