Denne skrivaren er ein gamal mann på 82 år. Men eg eig ingen ting. Heldigvis får kona og eg leiga eit nedlagt småbruk på kring 40 dekar med påståande bygningar. Om våren brukar me handemakt for å setja poteter i jord. Om hausten grev me avlingen opp att or jorda – også med handemakt.
Me er heldige som får disponera båt. Haust og vår sét me ut sildegarn for å fanga fjordafeitsilda her i området. Silda vert salta og lagt i sterk lake. Etter tre veker har me då spikjesild. Dei kunnige kan fortelja: Om du et sild og poteter, så får kroppen din alle dei næringsstoffa han treng. Tidleg på vårparten kjem torskegarna i sjø. I dei kan me få både torsk, lyr, sei og hyse. Men i dei siste åra har det vore svært lite torsk inne i fjorden vår.
Når det stundar mot seinsommar og haust, så dorgar me etter lyren langs land. Dei gamle kunne fortelja at ein berre skulle ha «årabør» under denne dorginga – så nære land går lyren. Vidare er det litt skog på eigedomen me leiger. Då kan me fella tre, slik at me har brensle til vinter og kulde.
Heldige er me også som får disponera bil når me skal på butikken for å handla daglegvarer. Ja, me er lukkelege som får leiga alt dette. Utleigaren har eg aldri sett, men han skal visstnok vera uhyre streng.
Leigeavtalen eg har med han, er noko underleg: Han krev at eg betalar 10 prosent av den pensjonen eg får utbetalt kvar månad. Når eg tenkjer etter, så er dette ein rimeleg god leigekontrakt – som eg har freista å halde kvart år. Eg sit jo att med 90 prosent av pensjonen min. Det seiest at denne utleigaren vert sint om ein bryt avtalen med han – og slikt kan sjølvsagt få store konsekvensar for meg personleg. HAN er ein mektig herskar – vert det fortalt.
Som gamal mann veit eg at mine dagar er talde. Ein dag dreg eg mitt siste sukk. Då får eg på meg likklede og vert lagt i ei kiste laga av treverk. Så vert eg senka ned i grava av sterke hender. Kleda eg då har på meg – og kista – er min eigedom; eg slepp å betala meir leige. Alt eg fekk leiga medan eg var på denne jord, vert no leigd ut til heilt andre.
Då vonar eg at dei også er påpasselege med å betala leigesummen til denne strenge utleigaren! Du veit nok kven han er og hans namn – om ikkje, så bør du søkja meir kunnskap om denne Herren!