Heilt sidan eg sat i styret for Likestillingsutvalet i Europarådet under den myndige Lydia Err (Sos.) frå Luxembourg på 90-talet, har eg følgt kvinnekampen og argumentasjonen med stor interesse.
Striden for likeverd og likeløn er utan tvil rettkomne verdiar. 8. mars 2022 såg me i Oslo både kloke og samlande parolar, til dømes «Kamp mot æreskultur» og «Flere kvinnenavn på gater og torg».
No kjem kvinnedagen med nye «frislepp». I fleire byar er førsteparolen «Støtt kampen for et fritt Palestina – boikott Israel».
Eit uakademisk og ulogisk påfunn!
Leiarane for kvinnedagen vil gjerne vera progressive …
Men det er jo Israel som er det progressive landet, med frie val, fleirpartisystem, brukande levekår for alle, pluralisme, kvinneleg deltaking og hevding, breitt utdanningsnivå, rettssamfunn, avskaffing av dødsstraff, likestilling mellom kjønna, toleranse og «skeiv» blomstring, kvinner i felten osv.
Palestinsk-arabiske, islamistiske område, som Gaza, med neglisjering av menneskerettar, ufattelege klasseskilje, kvinnesyn/undertrykking/underkasting/mishandling/vald mannssjåvinisme, autoritære konvensjonar, analfabetisme, sosialt elende, tvangsgifting, æresdrap, standrett, sensur i media, osv., er reaksjonære.
Radikale jenter, kvinner og damer – mange av dei feministar … burde difor demonstrere for det som er oppnådd i det landet som kan vera rollemodellen i Midtausten, det progressive Israel.
Boikott? Nei, dei islamske statane rundt Israel bør likevel ikkje boikottast, men prinsipielt handlast med (produkt), konkurrerast med (sport) og utvekslast med (utdanning, forskning, kultur).
Målet må vera internasjonalt samarbeid, integrasjon og fred – ikkje hat, boikott, uro og krig.