Når man ser den iver som statlige institusjoner har omfavnet Pride-flagget med, kan man bare tenke seg hvordan det vil bli hvis institusjoner og lokale myndigheter får lov å heise det ved siden av eller i stedet for det norske flagg. Foto: 24 juni:Pridemarkering ved regjeringens representasjonsbolig. Regnbueflagget monteres på balkongen. Oslo fagottkor synger. Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Å tukle med flagget er symbolsterke saker. Utkast til ny flagglov er no ute på høyring (sendt ut i juli i eit stengt Noreg og med høyringsfrist no i august!).

Reglane i dag er klare. Berre det norske og det samiske flagget har normalt rett til å bli heist på offentlege flaggstenger.

Lobby-toget arbeider som aldri før. No blir det opna for at det såkalla «regnbogeflagget» skal få plass ved «arrangement, markering eller merkedag av allmenn interesse.»

Eg skal ikkje ta opp debatt om kor vidt homoar og transar treng særskilt åtgaum i toppen på offentlege flaggstenger, så lenge me har eit norsk flagg som symboliserer demokrati, rettsstat, sjølvråderett og likeverd for alle grupper som høyrer til i landet.

Skal ein slakke på dette prinsippet, må det vera likestilling for flagg tilhøyrande alle livssyn, humanitære formål, sosiale grupper, osv. Elles er det diskriminering på nytt. Det skal bli eit herleg rot, når lokale kommunestyre og fylkesting skal i veg med godkjenningsdebattar om flaggheising for Amnesty, Nasjonalforeningen, Normisjon, Bahai-samfunnet, Redd Barna, Redningsselskapet, Islamsk Råd, Foreningen Fri, osv. osv.

Alle desse har kvar sin agenda, med forskjellige motiv og med langtrekkjande konsekvensar. Spennvidda er kolossal. Det er difor ein dårleg ide å innføre ei flagglov som kan føre til djup splitting og endelause ordskifte i mange lokalsamfunn.

Det kan fort bli lyrisk vemod over songen som Finn Bø skreiv i 1940, siste linene i 1.vers:

– «Ja, så hvit som det hvite er sneen,
og det røde har kveldsolen fått,
og det blå gav sin farve til breen,
det er Norge i rødt, hvitt og blått.»

Høyringsforslaget kan lesas her.

 

Bestill Kent Andersens bok om klimasaken her!

Kjøp boken til Kjell Skartveit her!


Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.