En kvinnelig demonstrant fraktes vekk av tysk politi under BLM-demonstrasjonene i Berlin lørdag 6. juni, 2020. Foto: Fabrizio Bensch / Reuters / NTB Scanpix
Ei ny høgst kontroversiell lov vart vedteken i Bundeslandregjeringa i Berlin torsdag 4. juni. Lova har fått namnet «Landes-Antidiskriminierungsgesetz» (LADG), og har møtt massiv motstand frå dei øvrige Bundeslanda i Tyskland.
Årsaka til kritikken er at den nye lova snur bevisbyrda på hovudet. Heretter må politifolk som har blitt anklaga for rasisme, prove at dei ikkje er skuldige i dette.
Av 143 frammøtte delegatar, stemte 86 ja, og 57 nei til den nye lova.
Burkard Dregger, formann for parlamentsgruppa til CDU i Berlin si Bundeslandregjering, uttalte følgjande til Tagesspiegel:
Frå no av vil statstilsette ikkje lenger vere rekna som antatt uskuldige, men vere generelt mistenkte for diskriminering. Det eksisterer imidlertid ingen haldepunkt for at statleg tilsette systematisk driv diskrimerande verksemd.
Diskriminering eksisterer sjølvsagt, og dette er eit tema vi tek høgst alvorleg. Men om nokon føler seg diskriminerte, er det fullt mogleg å fremje forholdet innan rettsapparatet – med basis i grunnlova, likestilligslovene og statsforfatninga. Vi treng ganske enkelt ikkje denne tilleggslova.
Politiet si fagforening i Nordrhein-Westfalen krevjer at Bundeslandet ikkje lenger sender politifolk til Berlin, og innanriksministeren i Bayern, Joachim Herrmann (CSU), vurderer heretter også å motsetje seg dette. I så fall vil den historiske ordninga om at støttetropper har blitt sende Bundeslanda imellom, om ekstra innsats har vore naudsynt, vere torpedert.
Det negative synet vert delt av store delar av Tyskland for øvrig; mellom anna hevdar den føderale styreleiaren i det tyske politiet, Rainer Wendt, at lova stiller politiet under generell mistanke.
Også leiaren i Politiets fagforening (GdP) i Berlin, Norbert Cioma, leverer krystallklare ord:
Heilt til siste slutt var vona vår at regjeringa ville avstå frå denne klare mistillitserklæringa til alle tilsette i den offentlege tjenesta. (Berliner Morgenpost)
Foreninga «Every One Teach One» (EOTO), som aksjonerer mot strukturell rasisme i Tyskland, ser imidlertid lova som ein modell for andre statlege lover. EOTO sin styremedlem, Daniel Gyamerah, krevjer at den nye Berlin-lova må utvidast til å gjelde i alle dei føderale statane, og at innhaldet skal formulerast sterkare.
Til påstanden frå det tyske Innanriksdepartementet om at tyske myndigheiter allereie har bekjempa rasisme på avgjerande vis, hevdar Gyamerah at dette er ein ufatteleg uforskamma påstand.
Dette neglisjerer dei årelange røynsler svarte mennesker har, uttala han til RND.
Kvifor treng ein så ei slik lov?
Årsaka til at senatet i Berlin meinte at ei ny lov mot diskriminering er naudsynt, har å gjere med eit såkalla smutthol i eksisterande lovverk. Innan arbeidsliv og sivilrettsområdet gjeld allereie lova om «Generell likeverd». Men ei liknande lov er ikkje implementert innan forvaltninga, seier leiaren for Antidiskriminierungsstelle des Bundes, Bernhard Franke.
Til dømes kan ein overfor ein arbeidsgivar eller ein utleigar krevje skadeerstatning om diskriminering har funne stad (og kan provast). Men innan administrasjonen/forvaltninga, har dette til no ikkje vore mogleg. Rett nok har domstolane kunna fastslå at offentlege handlingar har vore ulovlege, men kva krav som dermed skal følgje, har ikkje vore tydeleg nok regulerte.
Meir enn berre enkeltsaker
Landeschef des Beamtenbundes (dbb) (Leiar for det tyske fagforbundet for offentlege tilsette), Frank Becker, ser imidlertid at det er behov for fleire lovreguleringar kva gjeld diskriminering:
Antidiskriminierungsstelle des Bundes har motteke rundt 28 tusen anklager sidan grunnleggjinga i 2006. Dette er eit prov på at det ikkje handlar om isolerte saker, men eit utbreidd problem. (Süddeutsche Zeitung)
Gåvepakke til klanane
Ikkje minst er den nye lova ei rein gåvepakke til klanane. Og i motsetnad til forholda i USA, der minoritetane er av mange slags, består «minoritets-majoriteten» i Europa i all hovudsak av muslimar.
Når det heretter er politiet som må prove at dei ikkje har diskriminert, treng ein ikkje vere verken rakettforskar, hjernekirurg eller enkel sunnmøring for å innsjå at rasismeanklagene dramatisk vil skyte i veret – ja, verte normalen – kvar einaste gong politiet vågar gripe inn mot muslimar generelt, og dei muslimske klanane spesielt.
Og kva dette vidare vil føre til i eit allereie tungt overbelasta rettssystem, er også svært så forutsigbart.