Løvskog med høstfarger ved Hillingen i Kvam i Gudbrandsdalen. Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix
MDG har halde ‘digitalt’ landsmøte og vedteke fråsegna «Grønn politikk under koronakrisen», der dei seier nei til statlege lånegarantiar for investeringar i fossil energi. I staden vil dei ha ein aktiv, statleg næringspolitikk retta mot havvind, karbonfangst og lagring, skriv Berit Aalborg, politisk redaktør i Vårt Land. Ho prisar partiet for engasjement, gjennomføringskraft og ein innovativ klima-, gründer- og næringspolitikk.
Kommentaren er illustrert med koronavirus som renn gjennom eit timeglas og deretter gjev grobotn for ei grøn plante. Det er ei mislykka bilde, for faktum er at grøne planter og alt liv har sitt opphav i karbondioksid, MDG sin fiende nummer éin.
Som sanningsvitne for at vi kan leve av eit ‘grønt’ næringsliv, viser Aalborg til forretningsmannen Jens Ulltveit-Moe, som i januar stod fram som MDG-veljar i eit intervju i E24. Men han er først og fremst eit eksempel på det motsette. Dagens Næringsliv skreiv 11. februar at Ulltveit-Moe hadde tapt heile 4-5 milliardar kroner siste åra på investeringar nettopp i biodrivstoff og solenergi.
Offentlege satsingar på karbonfangst og -lagring har heller ikkje vore nokon suksess. Stoltenbergs ‘månelandingsprosjekt’ på Mongstad kosta oss 9,6 milliardar til inga nytte. Skogen og skogsjorda i Noreg lagrar derimot 25 millionar tonn karbondioksid kvar år. Globalt lagrar biosfæren på landjorda over hundre gonger meir enn menneska maktar (forstkandidat Trygve Refsdal, Dag og Tid 24.4.20).
I 2018 var berre 32% av energiforbruket i Noreg fossilbasert, mot 85-99% i dei folkerike, asiatiske landa Kina, India, Indonesia, Pakistan, Bangladesh og Japan. Dette skreiv sivilingeniør Kjell Erik Eilertsen i eit debattinnlegg i Aftenposten 4. mars, med overskrifta «Norge bør trekke seg fra Parisavtalen«.
Vindturbinar til sjøs løner seg ikkje og hindrar berekraftig fiskeri. Der slike turbinar skal erstatte gassbasert elektrisitet på plattformer, vil dei primært flytte utsleppa og ikkje minske dei. Ragnar Larsen seier som sant er: «Det er typisk for livsfjerne næringslivsråd at de kommer fra folk som aldri har utviklet noe som helst.»
Aalborg skriv at MDG blir frykta av politiske motstandarar, kanskje pga sin appell til ungdom:
«De har en egen rå vitalitet du ikke finner i de store og etablerte partiene, med lang vei fra fotfolket til ledelse. MDG preges av stor tro på at det er mulig å redde verden. Det forklarer trolig også den betydelige tiltrekningskraften de har på ungdom.»
Råskap har vore eit kjenneteikn ved alle utopistar som trur på den store saka og si eiga avgjerande rolle, men det må gå usannsynleg ille med landet vårt skal vaskeekte revolusjonære kunne kome til makta. MDG hyser nok miljøvernaktivistar som har gått over streken, men partiet har til no ikkje drive anna enn lovleg politisk verksemd, men ikkje alltid av den mest jordnære sorten.