Politiet anholder en person som er mistenkt for forbindelse til IS i Kreuzberg. Foto: Fabrizio Bensch/Reuters/Scanpix
Statsadvokatembetet har oppnådd ein symbolsk suksess i kampen mot organisert klanskriminalitet.
Tingretten i Berlin kunngjorde fredag 17. april at to eigedomar, tilhøyrande eit klanmedlem, ti dagar tidlegare vart konfiskerte og overtekne vederlagsfritt av staten. Dette av di oppkjøpet er finansiert av midlar frå kriminell verksemd.
Ifølgje informasjon frå Berliner Morgenpost (bak betalingsmur) er dei to konfiskerte eigedomane ein freda villa i Neukölln og ein naboeigendom. Dei tilhøyrde eit 26 år gamalt medlem av den arabiske familien/klanen R.
Medlemene av familia er dømde for fleire spektakulære lovbrot, inkludert tjuveriet av den hundre kilo tunge gullmynten frå Bode-museet i mars 2017 .
I juni 2018 vart heile 77 eigedomar tilhøyrande same klan midlertidig konfiskerte. Mistanken om at kvitvaska pengar hadde blitt nytta til kjøp av samtlege, kunne imidlertid ikkje provast. Statsadvokaten henla difor saka i desember i fjor.
Historisk dom
Ved denne domen har likevel Tingretten skrive tysk rettshistorie. Som følgje av ei lov som vart innført i 2017 (nettopp med tanke på klankriminalitet), kan eigedelar/formue konfiskerast sjølv utan foregåande domfelling. I det aktuelle tilfellet, kunne ikkje retten prove kva for eit straffbart forhold som muliggjorde kjøpa av eigedomane, men det held no at dei er overtydde om at midla stammar frå ei rettsstridig handling.
Grov diskrepans
Evalueringa av kontoutskrifter, skattemessig informasjon og andre dokument, synte til fulle at 26-åringen var «lysår unna» å kunne skaffe til veie beløpet som vart nytta til kjøpet.
Saka vart anka på staden.