Så har eg opplevd DET også. Lyden av korleis ein kniv borar seg inn i menneskekjøt. Og sett resultatet av gjerninga. Sjølvsagt har eg høyrt «lyden» før. Utallege filmar har gjeve døme på dette. Men kor reelle er så desse lydane når du i tillegg – og i sanntid – er vitne til dramaet?