Har vi mat nok til å mette befolkninga i ein krisesituasjon? Dette spørsmålet blir sjeldan stilt blant folk som ikkje har opplevd hungersnaud i manns minne og i dag fråtsar i mat og alt anna. Men i realiteten er risikoen større enn før for at vi ikkje skal få tak i nok mjøl og andre livsnødvendige varer.