Så seint som i juni i år bestemte fleirtalet i Stortinget at tre års lovleg opphald framleis skal gje grunnlag for varig opphaldsløyve og seinare statsborgarskap, uavhengig av om det etter desse tre åra skulle bli trygt å reise attende til heimlandet. Ein så liberal og lite berekraftig praksis kan norske politikarar berre skilte med så lenge andre land vaktar grensene for dei.