I 1950 hadde Noreg og Syria omlag like mange innbyggjarar, 3,3 mot 3,5 millionar. I 2012 var tala høvesvis 5,0 millionar her, (1 av 6 av desse med innvandrarbakgrunn), og 22,8 millionar i Syria. Ved sidan av konflikten mellom radikale sjia- og sunnimuslimar og eit lappeteppe av etniske grupper, i Vesten kalla «det fargerike fellesskap» og sett opp som eit ønskemål, må denne eksplosive folkeauken i Syria nødvendigvis ha ført til utarming og auka konfliktnivå.