Å få avskjed er å bli utstøytt. Det liknar landsforvising. Ein får ikkje lenger vere med i fellesskapet, i dette tilfellet arbeidsplassen. Fordi det skjer utan ein rettmessig prosedyre og regelverk, er det ei ekstra brutal markering. Det er det som er krenkinga. Det er å ta rettane frå han. Dette er sjølve straffa. Å bli straffa innanfor ein regelstyrt prosess med respekt for eins rettar er noko heilt anna. Å bli straffa utan nokon prosess er å bli kasta i søpla som eit stykke rask. Ein er ikkje verdig nok. Vi har betre standardar enn deg. Snipp snapp snute, du er ute…

Han kunne ikkje vite kva konsekvensane ville bli. Reaksjonen er difor vilkårleg. Ein måtte tolke, gjette, antesipere. Typiske trekk for eit lukka samfunn. Du trudde du var kjent med vilkåra for ditt arbeid, din situasjon, ditt liv – men det var du ikkje. Makta låg skjult i sjefen sitt skjønn.

Det blei straks ein asymmetrisk kamp. Arbeidsgivar risikerer lite, arbeidstakar alt. Arbeidsgivar er ein organisasjon – ikkje ein privatperson. Kleven-Bergh, derimot, vil ta saka med seg til sengs, til frukost og laurdag ettermiddag på terrassen. Han har den med seg inn i sine private relasjonar. Arbeidsgivar slår av lyset etter arbeidstid. Arbeidsgivar har ressursar, vernet og den profesjonelle distansen, men for den tilsette er dette personleg – det er dagleg brød og helse, det er eins verd og sjølvstende. Meir motstand og kamp vil føre til meir press og større risiko. Risiko og kostnad ligg hos han. Han blir eksponert i media. Trur ein det ikkje har ein kostnad? Han har kanskje familie, han har ei framtid. Politimeisteren er betalt for å leie og vere i media. Politimannen er det ikkje.

Prosessen er feig. Fordi ei oppseiing er ein så uforholdsmessig hard reaksjon satsa nok politimeisteren på at politimannen blir liggande nede. Å slåss i rettsapparatet krev både pengar og stor kraft. Risikoen ligg hos politimannen personleg. Nettopp difor må politimannen få støtte frå alle som kan. Det er å stå aleine som er verst.

Det er dette som er å bli krenka. Vilkårleg straff utan prosess der motstand har så stor kostnad at ein kanskje vel å ta straffa i det stille. Legge seg flat og bli liggande. Den ”feige” vil kanskje skamme seg i det stille resten av livet, medan den som tek opp kampen vil risikere det vesle han har. Det blir uro kvar dag til dommen fell ein gong neste år.

Kva gjer dette med arbeidsplassen, med kollegaene og miljøet der? Kven vil våge vere solidarisk? Kven vil risikere karrieren? Kven vågar snakke? Folk vil teie – og kanskje få dårleg samvit for nettopp å teie der ein skulle tale. Andre vil ta signalet og innordne seg – kanskje med stor iver. Og det er framleis berre signal og skjønn, ingen eksakte reglar, ingen eksakt prosedyre som ligg bak. Kvar einskild tilsett må gjette seg til kvar grensene går. Det blir ikkje så vanskeleg etter dette, sjølvsagt, men reglane er framleis ikkje skriftleg, ikkje lovbestemt eller drøfta og utgreidd på ein demokratisk måte. Det er ikkje regler som ein kan ha eigarskap til; det er regler utan demokratisk fundament. Det er rart kor ei slik sak liknar på diskriminering, vår tid si store fanesak. Den har alle kjenneteikna.

For Politiets Fellesforbund (PF) blir dette den viktigaste testen for den nye leiaren, Sigve Bolstad. Vågar dei ta risikoen med å stø politimannen? Det er der denne striden no vil få sin rette dimensjon. Om PF vel å tone saka ned; om dei ikkje no slår på stortromma, ja da veit vi at dette ikkje var eit einsleg tilfelle. Om det er slik at dei ”politiske omsyn” politimeisteren tok er noko som også vil farge PF sin reaksjon, ja då har vi ein akselererande trend.

Det er klart at saka handlar også om korleis polititenestemenn kan ytre seg på FB. Kanskje skal det vere strenge reglar for dette, kanskje ikkje. Her kan ein argumentere sakleg og godt for begge sider. Alle veit at sosiale media er vanskeleg. Dette er ikkje poenget i denne saka.

Saka handlar heller ikkje om ein likar Kleven-Bergh eller ikkje, eller om ein er einig i det han skriv. Ytringsfridom må gå føre seg innanfor nokre få men klare grenser, slik som norsk lov (injurielovgivinga) og dei spesifikke arbeidskontraktane/reglementa som finst. Bryt ein desse reglane skal sjølvsagt også reaksjonane vere regelstyrte. Er dei ikkje det, er reaksjonane eit større overgrep, ikkje minst fordi det er arbeidstakaren som er den svake parten.

Ein regelstyrt reaksjon er normalt ei åtvaring, eit møte, ein protokoll, ein avtale osv der ein og trekk inn organisasjonane. Knapt noko er betre regulert i arbeidslivet enn konfliktar som kan få oppseiing som konsekvens. Her kan det ikkje vere rom for noko vilkårleg. Ja, facebook og jobb – kan vere problematisk, men nettopp difor må ein ha ein skikkeleg prosess, avklaring, diskusjon. Sjølv i det gamle Aten måtte det avstemning til for å landsforvise ein uromakar…

Dersom ein ikkje bryt desse reglane, har ein fridom til å ytre seg om alt ein har på hjarte og som eins eige samvit tillet. «Frimodige Ytringer om Statsstyrelsen og hvilkensomhelst anden Gjenstand ere Enhver tilladte» (Grunnloven §100, tredje ledd). Og blir denne retten krenka av dei med makt til å straffe er vi ved grunnlaget for fridom og vårt demokrati. Det er difor slike saker skal vere prinsipielle.

Og no ventar vi på PF …

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.