Vi veit berre det: i det Herrens år tolvhundreogtre kjøpte du ein pelsfrakk. Ei nøktern kvittering er einaste prov på ditt fysiske liv. (Resten er levd med usynleg blekk.) Så var ikkje roser og lindeblad nok til å varme ditt blod, herr Walther. Men utan den store germanske vinter skreiv du visst aldri eit dikt […]