Holocaust-benekteren David Irving er invitert til Litteraturfestivalen på Lillehammer neste år der temaet er «Sannhet».
«Vi har utfordret Irving til å snakke om sitt begrep om sannhet, og om krigshistorien som en pågående kamp om troverdighet, basert på hans egne erfaringer fra stridssonen», heter det i en pressemelding fra festivalen der det fremgår at publikum får anledning til å stille spørsmål.
Uunngåelig
Temaet for neste års Litteraturfestival er «sannhet», og det er grunnen til at Irving er invitert, seier kunstnerisk leiar Stig Sæterbakken.
– Det var uunngåeleg å ikkje tenkje på David Irving i forhold til dette temaet. Han er jo ein svært omstridd historikar og forfattar, seier han.
Sæterbakken seier det er viktig å høyre på hans versjon av krigshistoria, og ikkje minst grunngjevinga for denne.
Dømmekraft
Valet av David Irving som foredragshaldar under Litteraturfestivalen skapar sterke reaksjonar i historikarmiljøet i Noreg.
– Det tyder på eit totalt samanbrot av dømmekraft, seier forskningsdirektør ved senter for studier av Holocaust og livssynsminoritetar, Odd-Bjørn Fure.
Han meiner Irving er avslørt som ein svindlar, og at han ikkje på nokon måte har noko å gjere på ein slik festival.
Også leiar for Heimefrontmuseet, Arnfinn Moland, reagerer på Litteraturfestivalen sitt val.
– Eg tykkjer det er oppsiktsvekkjande å velje ein person som har så lite truverd, til å prate om sannhet, seier han.